-
      
-
-
|
- Redusert nettleige
frå 01.12.2022
-
Nettleiga blir sett ned med ca 15% frå 01.12.2022. Som fylgje av
redusert forbruksavgift frå 0101.2023 aukar då nedgangen til ca 20%.
Hovudårsaken til nedgangen er reversering av prisoppgangen 01.09.2022
Det er i den nye nettleiga lagt til grunn at Statnett dekker
meirkostnadene til innkjøp av nettap.
Dersom denne føresetnaden ikkje blir oppfylt kan nettleiga auke att.
Nye prisar
finn du her
- Forbruk og
feilstatus 2022
-
Forbruket hos kundane til Telemark Nett AS var 239 GWh i 2022, som er 8%
lågare enn normalt.
Ein må tilbake til 2008 for å finne eit lågare forbrukstal.
Årsaken er primært dei ekstreme straumprisane som har utløyst reduksjon
i forbruket hos våre kundar, men eit litt varmare år enn normalt slår
også ut.
Etter 2 år med mykje feil i nettet blei 2022 eit veldig fint år. Sjølv
om me fekk nokre utfordringar i joli, er det aldri tidlegare registrert
så lite feil som i 2022.
-
Bare 67 MWh som ikkje blei levert av av totalt 239000 MWh. Dette gjev
ein regularitet på 99,972 % eller 2,5 timar utkopling i gjennomsnitt.
Årsaken er primært eit år med lite uvær, men stadig meir jordkablar,
betre fjernstyring og god innsats frå våre ingeniørar og montørar virkar
også inn.
KILE-kostnaden blei bare 4 mill.kr; - mot 15 og 18 mill.kr i 2020 og
2021.
-
Nytt navn!!!
- Telemark Nett AS
blir det nye navnet på Vest-Telemark Kraftlag Nett AS
- Bakgrunnen for navnendringa er lovkrav om at
nettselskap og straumsalgselskap i same konsern ikkje kan ha navn som er
like, eller liknar for mykje på kvarandre. Vest-Telemark Kraftlag AS,
som VTK-konsernet sitt straumselskap (kraftleverandør), held fram som
før.
- Navnendringa skjer frå 01.10.2022, men i ein
overgangsperiode må ein rekne med at begge navna vil være synlege.
Kontaktinfo vil inntil vidare være som før.
|
|
|
-
Kundesenteret
-
- (Åpningstid:07.30
- 15.30)
-
- - Tlf.: 35 07 57 00
- - Adr.: 3891 Høydalsmo
- - E-post:
kunde@vtknett.no
-
- Kundeservice på nett
- Her kan du registrere målarstand og administrere
abonnementet ditt.
-
Logg inn
- Snarvegar
-
Plusskundar
-
Total straumprisen
-
Fordeling av
årsforbruket
-
Nettleigeavtale
- Åpning av HAN-port på målaren
- Dersom du ynskjer å åpne HAN-porten på målaren din
må de sende email til kunde@vtknett.no
- HAN-porten (Home Area Network) er eit grensesnitt
som kan gje kunden tilgang til informasjon om eget forbruk. Det er
fleire tenesteleverandørar som leverar tenestar basert på HAN-porten. Vi
som nettselskap leverar ikkje slike tenestar.
-
|
- Justert nettleige
frå 01.09.2022
- Den tidlegare varsla auken i nettleige frå
10.09.2022 blir nedjustert. Prisen på fleire av trinna i
kapasitetsleddet/fastbeløpet er justert ned, og er nå under prisen frå
01.07.2022 . Tidlegare varsla auke på energileddet blir også justert
noko ned, og ny pris gjeld frå 10.09.2022.
Nye prisar
finn du her
- Mellombels
straumstønad
- På nettfaktura er det trekt frå
mellombels straumstønad for nettkundar registrert som
hushaldskundar hjå nettselskapet. Stønaden gjeld forbruk opp til 5000
kWh/mnd.
-
- Viss du ikkje får dette frådraget, men meiner at
din straumbruk kan definerast som hushald, så kan du sende ei
grunngjeven klage til kunde@vtknett.no
- Hovudregelen for å få stønad er at hovuddelen av
straumforbruket er knytta til hushaldsformål. Du finn meir informasjon
på
NVE si webside
-
- Straumkundar i Tokke (gjennom VTK) har prisavtale
med pristak på 50 øre/kWh inkl. mva. Tokke kommune har vedteke at
pristaket skal aukast med same beløp som straumstønaden. Pristaket for
desember blir då 123,62 øre/kWh inkl. mva. Samstundes vil straumstønaden
bli trekt frå slik at kunden likevel betalar 50 øre/kWh inkl. mva som
før.
- Vest-Telemark Kraftlag AS blir omdanna til konsern
-
Etter pålegg for styresmaktene er alle kraftselskap i
Norge pålagt å splitte selskapet slik at Nettselskapet (monopol)
og Kraftleverandør blir to ulike juridiske selskap.
- I den samanheng er vi omdanna til konsern med 3
selskap:
- Vest-Telemark Kraftlag Holding AS (Morselskap)
-
Telemark Nett AS (Nettselskap)
-
Vest-Telemark Kraftlag AS (Kraftleverandør og
produksjon mm)
-
- For kundane våre blir det nokre endringar.
- Frå 01.05.2021 har vi splitta databasen vår med
eigne kundedatabasar for Nettselskapet og Kraftleverandøren.
-
- All kontakt om straumabonnement, kontrakt,
faktura, innbetalingar m.m. skal skje mot kraftleverandør.
Tlf. 35 07 57 33 - epost: kunde@vtk.no
-
- Nettselskapet har ansvar
for målar og målaravlesing. Melding om feil i nettet skal som før gå til
Nettselskapet. Tlf. 35 07 57 00 - epost:
kunde@vtknett.no
(01.05.2021)
- Flytting og
endring av abonnement
-
Skal du flytte må
du ta kontakt med kraftleverandøren din som ordnar dette for deg. Ved
innføring av felles nasjonal Elhub i 2019 blei nye reglar innført,
og det er nå kraftleverandøren som utfører oppgåver knytta til flytting
og endring av straumabonnement.
(02.01.2021)
- Målaravlesing
-
Kundar som ikkje har nye målarar med automatisk
målaravlesing må lesa av målaren
manuelt. Dette vil også gjelde enkelte med nye målarar som ikkje har
kommunikasjon. Er du i tvil så ta kontakt med oss. De kan registrere
målarstand via Min
side eller sende via epost til kunde@vtknett.no
(09.12.2019)
- Kompensasjon for langvarige
straumbrot
- Hushald og hyttekundar har krav på kompensasjon
ved avbrot i straumforsyninga som varer i meir enn 12 timar. Vi betalar ut
til alle vi har registrert langvarige avbrot på.
Les meir
- Arbeid nær våre linjer og kabelnett
- Skal du arbeide nær våre høgspentlinjer, eller
andre installasjonar, må du ta kontakt med oss før arbeidet tek til.
Avgraving av kablar kan medføre personskade eller tap av liv.
Sjå info
- Val av kraftleverandør
- Som ny nettkunde må du velge ein
kraftleverandør.
Finn leverandør
|
|