- Auka nettleige frå
10.09.2022
- Frå 10.09.2022 aukar energileddet i nettleiga.
Prisane
finn du her
Les meir
- Utsendt
faktura for juli er mangelfull
- Mange kundar som har VTK som kraftleverandør fekk
i går faktura for juli. Dessverre så inneheld denne fakturaen bare kraft
og ikkje nettleige slik det vanlegvis gjer. Det betyr at straumstønaden
heller ikkje er trekt frå. Årsaken skuldast ein feil hjå vår eksterne
leverandør av fakturautskrift.
- Kundar det gjeld vil få SMS med fylgjande tekst:
- "Dessverre har din faktura for juli måned
blitt sendt ut før nettleiebilag ble mottatt. Du vil derfor få to
nettleiebilag på faktura som sendes ut i september. Vi beklager ulemper
dette eventuelt medfører. Har du noen spørsmål, så ta gjerne kontakt på
telefon 35 07 57 33 eller epost kunde@vtk.no"
- Ny nettleigemodell
frå 01.07.2022
- Frå 01.07.2022 innfører vi ny nettleigemodell.
Endringa er lovbestemt og skal gjennom prisstrukturen motivere kundane
til å fordele straumforbruket ut over fleire av døgnets timar.
Les meir
Prisane finn du her
- Kundeinfo
om meir-/mindreinntekt i VTK
- Gjennom
oppslag i media siste dagane kjem det fram at nokre nettselskap har teke
inn for mykje i nettleige, og over mange år lege med gjeld til sine
nettkundar. Vi har heile tida hatt motsatt strategi og har laga ein graf
som visar dette.
Les meir
-
-

- Plusskunde
(solcelleanlegg)
- Fleire vurderar å installere solcelleanlegg, og
vi har lagt ut litt info om korleis du går fram viss du ynskjer å bli
plusskunde.
Les meir
-
Auka
forbruksavgift frå 01.04.2022
-
Frå 01.04.2022 aukar forbruksavgifta til staten frå
8,91 til 15,41 øre/kWh (pluss mva). Avgifta blir lagt til på nettleiga
slik at energileddet aukar tilsvarane. Oversikt
over ny nettleiga finn du
her
(20.12.2021)
-
Ny nettleige modell er utsett
Vi held fram med dagens nettleigemodell inntil vidare. Dette på
bakgrunn av sterk oppfordring frå eit fleirtal på Stortinget; - og for å
ikkje gjera større endringar enn nødvendig i den situasjonen vi no har
med ekstreme kraftprisar og mykje anna å setja seg inn i for våre
kundar.
Sjå presseinfo
(20.12.2021)
-
Ny
nettleiga frå 01.01.2022
-
Ny nettleige frå 01.01.2022 er fastsett. Vi held fram
med same fastbeløp, men reduksjon i forbruksavgifta gjev ein nedgang i
energileddet inkl.avgifter.Oversikt
over ny nettleiga finn du
her
(20.12.2021)
- Kompensasjonsordning for høge straumprisar
-
- Stortinget har vedteke ei ordning om
kompensasjon for høge straumprisar. På NVE (RME) si side kan du lese meir om
ordninga.
Les meir
(03.01.2022)
-
Ledige stillingar som energimontør/fibermontør
-
Vi har ledig 2 stillingar som
energimontør/fibermontør. Søknadsfristen er forlenga til 10.01.2022
Les
meir
(03.01.2022)
-
Kompensasjonsordning for høge straumprisar.
-
-
Stortinget har vedteke ei ordning om
kompensasjon for høge straumprisar. På NVE (RME) si side kan du lese meir om
ordninga.
Les meir
(03.01.2022)
-
-
Redusert
nettleiga frå 01.07.2021
-
Frå 01.07.2021 reduserar vi nettleiga med 3 øre/KWh
pluss mva. Årsaken er justring i forhold til inntektsramma vår.
Oversikt
over nettleiga finn du her
(04.07.2021)
-
Ny nettleige modell er utsett
Vi held fram med dagens nettleigemodell inntil vidare. Dette på
bakgrunn av sterk oppfordring frå eit fleirtal på Stortinget; - og for å
ikkje gjera større endringar enn nødvendig i den situasjonen vi no har
med ekstreme kraftprisar og mykje anna å setja seg inn i for våre kundar.
(20.12.2021)
-
Ny bankkonto og nytt fakturaoppsett
-
I samband med vår omdanning til konsern legg vi om
fakturarutiner. Hovudregelen er at kraftleverandøren fakturerar.
Kraftkundar i Vest-Telemark Kraftlag AS får faktura frå Vest-Telemark
Kraftlag AS. Fakturaen inneheld både nettleige og kraft og får nytt
fakturaoppsett. Innbetaling må skje til ny
bankkonto: 1506.61.57633. Nettkundar som ikkje får faktura
via sin kraftleverandør, eller er på leveringsplikt, får
nettleigefaktura frå Vest-Telemark Kraftlag Nett AS som før. Dei skal
betale inn til den gamle kontoen som før. (8150.10.96571).
-
- All kontakt om straumabonnement, kontrakt,
faktura, innbetalingar m.m. skal skje mot kraftleverandør.
-
- Nettselskapet har ansvar
for målar og målaravlesing. Melding om feil i nettet skal som før gå til
Nettselskapet. Tlf. 35 07 57 00 - epost:
kunde@vtknett.no
(01.05.2021)
-
Vest-Telemark
Kraftlag AS blir omdanna til konsern
-
Etter pålegg for styresmaktene er alle kraftselskap i
Norge pålagt å splitte selskapet slik at Nettselskapet (monopol)
og Kraftleverandør blir to ulike juridiske selskap.
-
I den samanheng er vi omdanna til konsern med 3
selskap:
-
Vest-Telemark Kraftlag Holding AS (Morselskap)
-
Vest-Telemark Kraftlag Nett AS (Nettselskap)
-
Vest-Telemark Kraftlag AS (Kraftleverandør og
produksjon mm)
-
- For kundane våre blir det nokre endringar.
- Frå 01.05.2021 har vi splitta databasen vår med
eigne kundedatabasar for Nettselskapet og Kraftleverandøren.
-
- All kontakt om straumabonnement, kontrakt,
faktura, innbetalingar m.m. skal skje mot kraftleverandør.
-
- Nettselskapet har ansvar
for målar og målaravlesing. Melding om feil i nettet skal som før gå til
Nettselskapet.
(01.05.2021)
-
Redusert
nettleiga frå 01.03.2021
-
Vi har motteke 6,2 mill.kr i tilskot frå Staten til
utjamning av nettleiga.
Tilskotet kjem frå ein post på årets Statsbudsjett og er tildelt av NVE
etter standardiserte kriterier.
Dette gjev ein prisreduksjon på 3,0 øre/kWh + mva frå 1.mars og ut året.
Denne reduksjonen kjem i tillegg til 2,0 øre som blei vedteken frå
1.januar.
Totalt gjev dette ein nedgang i nettleiga på ca 10% i høve til 2020.Oversikt
over nettleiga finn du
her
(18.03.2021)
-
Ledige stillingar som lærling
-
Vi har ledig 2 stillingar som læring energimontør.
Ein med oppmøte i Høydalsmo og ein i Treungen. Søknadsfrist 28.02.2021
Les
meir
(11.02.2021)
-
Redusert nettleiga for 2021
-
Vi reduserar nettleiga for 2021 med 2,0
øre/KWh ekskl. mva.
Forbruksavgifta aukar med 0,56 øre/kWh ekskl. mva. Oversikt
over nettleiga finn du
her
(02.01.2021)
-
Vi er nå på Facebook
På vår Facebookside legg vi nå ut driftsmeldingar om feil i nettet
på samme måte som vår webside.
https://www.facebook.com/VestTelemarkKraftlag
(16.12.2020)
-
Straumutfall 14.12.2020
Etter fleire døgn med mange feil i nettet og kontinuerleg
feilrettingsarbeid med store mannskapsstyrker
hadde nesten alle straumen tilbake før kl 06.00 på tirsdag.
Me hadde feil i alle kommunar, men bare Kviteseid og Seljord hadde
utkoplingar i kommunesenteret. Flest
feil var det i Tokke, Kviteseid og Seljord kommunar.
Totalt var ca 6000 kundar råka av feilane i kortare eller lengre tid. I
dag tideleg er det ca 20 kundar utan straum.
Les meir
(15.12.2020)
-
Straumutfall 16.09.2020
-
Diverre hadde med ein omfattane feilsituasjon i går
mellom kl. 10.40. og 13.48. Seljord, Kviteseid, Tokke og delar av Vinje
var utan straum i kortare eller lengre tid. Primærårsaken var ei stor
grån som ramla over 2 av ledningane rett før Eika trafostasjon i Bø
kommune.
Les meir
(17.09.2020)
-
Nytt bankkontonummer
-
Vi har nytt bankkontonr. for betaling av
straumrekningar. Nytt nr. er: 8150.10.96571
(15.06.2020)
-
Ledig to stillingar som lærlingar
-
Vi har to ledige stillingar som lærlingar.
Søknadsfrist 28.02.2020.
Les meir
(11.02.2020)
-
Oppdatering av innbetalingar
-
Vi har for tida problem med oppdatering av
innbetalingar i kundereskontro. Dersom du er inne på Min side og ser på
fakturaoversikt så vil eindel fakturaar som er betalt visast som
ubetalt. Vi håpar at feilen blir retta i løpet av få dagar.
(03.01.2020)
-
Målaravlesing
-
Kundar som ikkje har nye målarar med automatisk
målaravlesing må lesa av målaren
manuelt. Dette vil også gjelde enkelte med nye målarar som ikkje har
kommunikasjon. Er du i tvivl ta kontakt med oss. De kan registrere
målarstand via Min
side eller sende via epost til kunde@vtknett.no
(09.12.2019)
-
Ledige stilling som energiingeniør
-
Vi har ledig stilling som
energiingeniør med søknadsfrist 08.12.2019
Sjå annonse
(15.11.2019)
-
Ledige stilling som verksmester
-
Vi har ledig ei stillingar som verksmester med søknadsfrist 18.11.2019.
Les
annonse
(31.10.2019)
-
Ledige stilling som energimontør
i Treungen
-
Vi har ledig ei stillingar som energimontør i Treungen med søknadsfrist
18.11.2019.
Les
annonse
(31.10.2019)
-
Støtte til idrettsutøverar
-
VTK ynskjer å støtte utøverar som
hevdar seg på høgt nivå i sin idrett og som på den måten profilerar
Vest-Telemark på ein positiv måte.
Les meir
(17.10.2019)
-
Ledige stilling som energiingeniør
-
Vi har ledig stilling som
energiingeniør med søknadsfrist 21.10.2019
Sjå annonse
(11.10.2019)
-
Ledig to stillingar som lærling
-
Vi har ledig to stillingar som lærling med
søknadsfrist 18.02.2019.
Sjå
annonse
-
Ingen auke i nettleiga for 2019
-
Det blir ingen auke i nettleiga for 2019.
Forbruksavgifta blir redusert med 0,94 øre/kWh, slik at brutto totalpris ut til kunde blir
redusert tilsvarande. Oversikt over
nettleiga finn du her
(17.12.2018)
-
Entreprenørarbeid på mindre grave- og
anleggsarbeid
-
Vi vil lage rammeavtale med entreprenørar på
mindre grave- og anleggsarbeid. Dei som er interessert i slikt arbeid
kan kontakte oss på epost
firmapost@vtk.no eller telefon 35 07 57 00 for å få utlevert prisark
som skal nyttast til formålet. Frist for levering av pristilbod er
24.04.2018.
(03.04.2018)
-
Mykje feil i nettet siste dagane
-
Det er eindel tre som knekk pga på grunn av
sno og legg seg på linjene. Dette skaper eindel straumbrot. Det blir
jobba med å rette feilane etter kvart som dei dukkar opp.
(25.01.2018)
-
Ingen auke i nettleiga for 2018
-
Det blir ingen auke i nettleiga for 2018.
Forbruksavgifta aukar med 0,33 øre/kWh, men vi reduserar nettleiga
tilsvarande slik at totalprisen ut til kunde blir uendra. Oversikt
over nettleiga finn du
her
(02.01.2018)
-
|