-
Nettleige frå
01.01.2017
- Det blir ingen auke i nettleiga frå 01.01.2017.
Forbruksavgifta aukar med 0,4 øre, men vi reduserar nettleiga
tilsvarande slik at pris til kunde blir uendra.
Sjå prisoversikt
(27.12.2016)
Kundemagasinet Vår Energi frå ditt lokale
energiselskap
I denne utgåva av Vår Energi kan du lesa om
energiselskap som byggjer breiband, og sponsar idrett og kultur. På den
måten gjer dei ein stor innsats for å halde oppe levande og
konkurransedyktige lokalsamfunn.
Hurtiglading av elbilar og nytt kraftkrevjande
utstyr set nye krav til everka. I eldre bustad- og hytteområd er ikkje
nettet førebudd for det som skjer. Det vil vere utopi å byggje ut nettet
slik at det blir mogleg for hytteeigarar å hurtiglade elbilar.
Les meir
(27.10.2016)
.
.
.
.
.
.
Varsel om streik frå
måndag 24.10.2016
LO forbunda El&IT og Fagforbundet sentralt tok i
går ut alle sin 32 medlamer i VTK i streik frå måndag 24.10.2016 kl.
07.00. Det er 27 montørar/fagarbeidarar, 3 ingeniørar og 2
kontortilsette. Årsaken til streiken er i hovudsak usemje omkring
avspasseringsfaktoren for heimebasert beredskapsvakt.
Feil i nettet som kan medføre fare for liv og
helse, eller stor matriell skade, vil bli retta. Feilar som ikkje har
slik konsekvensar vil bli liggande uretta. Alt anna arbeid rundt
vedlikehald, ferdistilling/tilkopling av nyanlegg blir liggande.
Vår administrasjon og telefonmottak er i drift og
tek mot førespurnadar på normal måte. Vi vil dagleg legge ut
statusrapport på
http://www.vtk.no (under Nett/Driftsmeldingar)
(21.10.2016)
Innhenting
av fødselsnummer
I samband med innføring av Elhub må
nettselskapa hente inn fødselsnummer frå alle privatkundar. Som ein
hovudregel vil vi for eksisterande kundar hente inn dette Det Sentral
Folkeregister. Ved oppretting av nye kontrakter framover blir dette ein
informasjon vi må få direkte frå kunden. Føremålet er å få ein unik
identifisering av straumkundane.
Meir
info på NVE
(08.04.2016)
Innføring
av Elhub i det norske kraftmarked
Norges vassdrags-og
energidirektorat (NVE) ha rpålagt Statnett å utvikle ELhub, som etter
planen skal settast i drift 20.02.2017. Løysinga skal sørge for effektiv
utveklsling av målaeverdiar og kundeinformasjon som brukast til
leverandørskifte, avrekning og fakturering av nettleige og kraftsalg. Meir
info på NVE
(08.04.2016)
Ny info til kundar på linja frå Åmdal til Bordsæ Dam
Pga
linjeutfall i Åmdal trafostasjon leverte Gausbu kraftverk høg spenning
ut på nettet i 1-2 sekund 28.01.16 kl 03.51.Dette er sannsynleg årsak
til skader på utstyr hjå kundar. Om hendinga utløyser erstatningsansvar
for VTK eller kraftverket, blir ei
sak for forsikringsselskapa. Meld derfor skade til ditt
forsikringsselskap straks, gjerne med kopi til VTK. Skader under
eigenandel kan sendast direkte til VTK med
vedlagt dokumentasjon.
(11.02.2016)
Vi har to ledige stillingar som lærling
Vi har nå ledig to stillingar som læring Energimontør.
Sjå annonse (10.02.2016)
Info til kundar på linja frå Åmdal til Bordsæ Dam
I samband
med linjefeil oppstod det torsdag 28.01.2016 kl 03.51 kortvarig
overspenning i nettet.
Dette kan
ha skada elektrisk utstyr hjå deg. Ta ein kontroll og meld eventuell
skade til ditt forsikringsselskap straks, gjerne med kopi til VTK.
Vi vil
innan ei veke gje ny info vedkomande årsak og ansvar.
(02.02.2016)
- Nettleige frå 01.01.2016
- Det er ikkje auke i nettleiga til oss, men auke i
forbruksavgifta på 2,3 øre/kWh gjev auke i det kunden må betale frå
01.01.2016.
Forbruksavgifta til staten aukar omlag 13%.
Sjå prisoversikt
(21.12.2015)
- Kompensasjon for langvarige
straumbrot
- Som kunde har du krav på kompensasjon
ved avbrot i straumforsyninga som varer i meir enn 12 timar. Etter
regelverket må kunden søke om denne kompensasjonen, men vi betalar ut
til alle vi har registrert langvarige avbrot på, utan at du treng sende
søknad.
Les meir
(04.02.2014)
Mykje feil i nettet
På grunn av sterk vind i store delar av
Vest-Telemark har vi mykje feil i nettet. Vi jobbar med å rette feilane,
men det er veldig krevjande i den sterk vinden. Det kan ta tid før
straumen kjem tilbake.
Driftsmeldingar
(10.01.2015)
|