Arkiv for 2007     Arkiv for 2006     Arkiv for 2005     Arkiv for 2003
                   
                      Arkiv 2004
 
 
Målaravlesing 03.01.2005          (Publisert 24.12.2004)
Alle kundar får tilsendt avlesingskort, (med unntak av hytter som har fått dette tidlegare i haust) og skal lese av målaren. Avrekning vert sendt ut i januar/februar. Vi er svært takksame for at du les av målaren din, og det gjer at du får ei korrekt avrekning.  Les meir

Kraftpris i Tokke og Vinje for 2005          (Publisert 22.12.2004)
Frå 01.01.2005 vert kraftprisen i Tokke 20,0 øre/kwh og Vinje 18,25 øre/kWh, inkl. off.avg. Dette er vinterprisar, og sommarprisane vert lågare. Middelprisen for året vil bli lik den prisen kommunestyra har vedteke, utan påslag til VTK. Denne er 18,75 øre/kWh i Tokke og 16,88 i Vinje.   Les meir

Ingen endring i nettleigetariffar for 2005          (Publisert 17.12.2004)
men auke i offentlege avgifter (forbruksavgift, enovaavgift om m.v.a.) gjev likevel ein liten auke på nettleiga. Les meir

Redusert kraftpris frå 13.12.2004         (Publisert 10.12.2004)
Ny standard variabel kraftpris frå 13.12.2004 vert 24,8 øre/kWh inkl.mva for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord.  Les meir.

Energiutgreiing i Vest-Telemark         (Publisert 17.11.2004)
Nettselskapa er pålagde å lage ei energiutgreiing for kvar kommune. Formålet er blant anna å finne dei samfunnsøkonomisk beste løysningane for energiforsyninga til eit område eller større bygningsmasse.     Les meir

Målaravlesing for hytter         (Publisert 01.11.2004)
Vi har nå sendt ut målaravlesingskort for hytter, feriebustadar og fråflutte bustadar. Avlesingsdato er måndag 3.januar 2005. Dersom det passar best for deg kan du lese av målaren ved sesongslutt og sende oss avlesinga snarast.
Les meir

Ny kraftpris frå 08.11.2004          (Publisert 28.10.2004)
Ny standard variabel kraftpris frå 08.11.2004 vert 32,5 øre/kWh inkl.mva for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Kundar i Tokke kommune har 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune har 14,3 øre/kWh. Les meir.

Varsling av prisendringar på e-mail          (Publisert 22.10.2004)
Som kunde kan du nå få varsling  på e-mail ved endringar kraftprisen. Ynskjer du dette kan du sende oss ein e-mail med navn, kundenr. og e-mailadresse til kunde@vtk.no

Registrering av målaravlesingar avslutta          (Publisert 12.10.2004)
Vi har avslutta mottak av målaravlesingar for dette kvartalet. Kundar som ikkje registrerte/sende målaravlesing innan 11.10.2004 vil få forbruket sitt stipulert. Tidspunkt for neste målaravlesing finn du her.

Ny fastpris på kraft frå 01.11.2004          (Publisert 04.10.2004)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år.
Les meir

Redusert kraftpris frå 04.10.2004          (Publisert 01.10.2004)
Ny standard variabel kraftpris frå 04.10.2004 vert 28,4 øre/kWh inkl.mva for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Kundar i Tokke kommune har 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune har 14,3 øre/kWh. Les meir

Målaravlesing 04.10.2004.         
Alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh/år får tilsendt avlesingskort, og skal lese av målaren. Avlesinga blir grunnlaget for avrekning 3.kvartal 2004. Avrekninga vert sendt ut i oktober. Andre kundegrupper får akontorekning dette kvartalet.  Les meir.

Energiutgreiing for kommunane Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Nissedal, Vinje og Tokke.
Invitasjon til offentlege møte.          (Publisert 27.09.2004)
Vest-Telemark Kraftlag AS vil arrangere offentlege møte for presentasjon av energiutgreiing for kvar av kommunane innanfor forsyningsområdet.
I Vinje kommune er energiutgreiinga eit samarbeid mellom VTK og Rauland Kraftforsyningslag.
 
Seljord  kommunehus  måndag 4. oktober  kl. 09.00
Kviteseid kommunehus måndag 4. oktober kl. 13.00
Fyresdal kommunehus tirsdag 5. oktober kl. 09.00
Nissedal kommunehus tirsdag 5. oktober kl. 13.00
Folkebiblioteket i Åmot onsdag 6. oktober kl. 09.00
Tokke kommunehus onsdag 6. oktober kl. 13.00
 
Formålet er blant anna å finne dei samfunnsøkonomisk beste løysningane for energiforsyninga til eit område eller større bygningsmasse.  Blant anna vil det sei å vurdere alternative energikjelder som til dømes bioenergi og småkraftverk. 
Utnytting av lokale energiressursar kan hjelpe til auka verdiskaping og arbeidsplassar lokalt.

Forbruksavgift innført att for næringslivet          (Publisert 02.08.2004)
Frå 01.01.2004 vart alle næringsdrivane fritekne for forbruksavgift. Frå 01.07.2004 er reglane endra slik at hovudregelen nå er at alle næringsdrivande skal betale forbruksavgift på 9,67 øre/kWh.  Produksjonsbedrifter med næringskode 10 - 37 i enhetsregisteret betalar redusert sats på 0,45 øre/kWh. Kunden er ansvarleg for att verksemda er registrert med korrekt næringskode.  Les rundskriv frå toll og avg.direktoratet.

Registrering av målaravlesingar avslutta.             (Publisert 13.07.2004)
Vi har avslutta mottak av målaravlesingar for dette kvartalet. Kundar som ikkje registrerte/sende målaravlesing innan 13.07.2004 vil få forbruket sitt stipulert. Tidspunkt for neste målaravlesing finn du her.

Ny fastpris på kraft frå 01.07.2004.          (Publisert 30.06.2004)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir. 

Auka kraftpris frå 12.07.2004.          (Publisert 29.06.2004)
P.g.a. høg marknadspris må vi auke kraftprisen. Ny standard variabel kraftpris frå 12.07.2004 vert 33,6 øre/kWh inkl.mva for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Kundar i Tokke kommune har 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune har 14,3 øre/kWh. Les meir.  

Målaravlesing 05.07.2004.          (Publisert 29.06.2004)
Alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh/år får tilsendt avlesingskort, og skal lese av målaren. Avlesinga blir grunnlaget for avrekning 2.kvartal 2004. Avrekninga vert sendt ut i august. Andre kundegrupper får akontorekning dette kvartalet.  Les meir. 

Redusert kraftpris frå 17.05.2004.           (Publisert 07.05.2004)
P.g.a. nedgang i marknadsprisen reduserar vi kraftprisen. Ny standard variabel kraftpris frå 17.05.2004 vert 27,9 øre/kWh inkl.mva for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Kundar i Tokke kommune har 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune har 14,3 øre/kWh. Les meir. 

Registrering av målaravlesingar avslutta.          (Publisert 14.04.2004)
Vi har avslutta mottak av målaravlesingar for dette kvartalet. Kundar som ikkje registrerte/sende målaravlesing innan 13.04.2004 vil få forbruket sitt stipulert. Tidspunkt for neste målaravlesing finn du her.

Redusert fastpris på kraft frå 01.03.2004.          (Publisert 20.01.2004)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir.

Registrering av målaravlesingar avslutta.           (Publisert 13.01.2004)
Vi har avslutta mottak av målaravlesingar for denne gong. Kundar som ikkje registrerte/sende målaravlesing innan 12.01.2004 vil få forbruket sitt stipulert.

Målaravlesing 05.01.2004.          (Publisert 26.12.2003)
Alle kundar får tilsendt avlesingskort, (med unntak av hytter som har fått dette tidlegare i haust) og skal lese av målaren. Avrekning vert sendt ut i slutten av januar.  Les meir.

Redusert fastpris på kraft frå 01.02.2004.          (Publisert 20.01.2004)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir.

Redusert kraftpris frå 19.01.2004.          (Publisert 07.01.2004)
P.g.a. nedgang i marknadsprisen reduserar vi kraftprisen. Ny standard variabel kraftpris frå 19.01.2004 vert 31,0 øre/kWh inkl.mva for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Kundar i Tokke kommune har 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune har 14,3 øre/kWh. Les meir.  (07.01.2004)

Næringslivet friteke for forbruksavgift.          (Publisert 31.12.2003)
Frå 01.01.2004 er alle næringsdrivane fritekne for forbruksavgift. For kundar som har hushald og næringsbruk over samme målar må kunden gjere ein fordeling av forbruket. Les rundskriv frå toll og avg.direktoratet.

Redusert kraftpris frå 05.01.2004.           (Publisert 20.12.2003)
P.g.a. nedgang i marknadsprisen reduserar vi kraftprisen. Samstundes har stortinget vedteke at forbruksavgifta på elektrisk kraft skal krevjast inn på nettleige, og ikkje som nå på kraftprisen.
Ny standard variabel kraftpris frå 05.01.2004 vert 35,9 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Ny kraftpris for kundar i Tokke kommune vert 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune får 14,3 øre/kWh. Les meir. 

Ny fastpris på kraft frå 01.01.2004.         (Publisert 21.11.2003)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir.

                              
Arkiv for 2007     Arkiv for 2006     Arkiv for 2005     Arkiv for 2003

 

Hovudside
 

 


Vest-Telemark Kraftlag AS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Send e-post til Thor Arne Heggtveit  viss du har kommentarar til Web-området. 

Copyright © 2001-2014  - Oppdatert: 03.03.2017 07:58