FaktureringOff.avgifterLeveringspliktNettinfo

 

Målaravlesing   

 

Målaravlesing på Internett
Brukar du denne tenesten får du tilgang til meir informasjon om ditt eige kundeforhold. Dette er m.a. fakturaopplysningar, reskontro, historisk forbruk i tabell- eller grafisk form.
Ved fyrste gongs bruk må du registrere deg med kundenr. og målepunkt ID. Du får då tilsendt eit passord på e-post. Dette kan du sjølv endre når du har logga deg inn.
 
 
 
 
Logg inn
 
Kundesenteret   
(Åpningstid: 07.30 - 15.30)
 
-Tlf.: 35 07 57 00
- Telefaks: 35 07 57 01
- Adr.: 3891 Høydalsmo
- E-post: kunde@vtknett.no
 
Kundeservice på nett
Her kan du registrere målarstand og administrere abonnementet ditt.
Logg inn

Snarvegar
 
Straumprisen
 
Fordeling av straumforbruket igjennom året
 
Nettleigeavtale

Timeverdiar er lagt ut på kundesida
Kundar med årsforbruk over 100000 kWh skal ha måling av straumforbruket sitt kvar time. Vi hentar inn timeverdiane elektronisk kvar natt, og legg  nå desse ut på våre kundesider slik at kundar kan fylgje betre med på sitt forbruk. Oversikten blir oppdatert kvar onsdag for føregåande veke. Her kan du finne forbruk spesifeisert pr. time i tabellform eller i grafisk presentasjon. Verdiane kan og eksporterast til Excel for vidare handsaming. Du får tilgang til tenesten ved å logge deg inn med ditt brukarnavn og passord. Velg link for timeverdiar.

 


Avlesingsrutiner 
Alle kundar (ikkje større næringskundar) får tilsendt målaravlesingskort for avlesing av målaren.
Du kan registrere målaravlesinga på internett, telefon eller returnere avlesingskortet. Vær nøye ved registrering av målarstanden. Får vi ikkje målarstand frå deg innan fristen vert forbruket stipulert.
VTK som nettselskap har også ansvar for målaravlesing for kundar som har andre kraftleverandørar.

Tidspunkt for målaravlesing varierar for dei ulike kundegrupper:
 
Hushald med årsforbruk over 8000 kWh pr.år:
Avlesing 6 gonger i året.
Avlesingsdatoar i 2017 er:  01.03.2017 - 01.05.2014 - 01.07.2017 - 01.09.2017 - 01.11.2017 - 01.01.2018.
Avlesingskort vert sendt ut omlag ei veke før avlesingsdato.
 
Hytter og fråflutte bustadar: (tariff H4H)
Avlesing 1 gong i året. Avlesingskort vert sendt ut i oktober med avlesing innan 01.01.2018.
 
Kundar med timesmåling:
Desse vert avlest elektronisk av VTK.
 
Alle andre kundar:
Desse vert avlese 1 gong i året ved årskifte, neste avlesning 01.01.2018.

Målaravlesing mellom faste avlesingsdatoar
Ved prisendring mellom avlesingsdato vert forbruket berekna etter ei vekttalskurve som tek hensyn til at forbruket varierar i dei ulike delar av året.
 
Du på eige initiativ registrere målarstanden din ved prisendringar, eller når du måtte ynskje. Avlesingen vil bli bruka i avrekninga, og vil overstyre vår standard vekttalskurve.

Du kan registrere målarstanden på: fylgjande måte:

  • Internett: www.vtk.no 

  • E-mail:   kunde@vtknett.no (gje opp kundenr. og målepkt.ID)
  • Telefon:  35 07 57 00
  • Brev til Vest-Telemark Kraftlag, 3891 Høydalsmo

 

 

 Tilbake

 


Vest-Telemark Kraftlag AS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Send e-post til Thor Arne Heggtveit  viss du har kommentarar til Web-området. 

Copyright © 2001-2014  - Oppdatert: 23.02.2014 19:53