Arkiv for 2015      Arkiv for 2014     Arkiv for 2013     Arkiv for 2012     Arkiv for 2011     Arkiv for 2010     Arkiv for 2009
 
        Arkiv 2016
 
 
Ledig stilling som energiingeniør
Vi har ledig stilling som automatiker-enegiingeniør. Sjå annonse     (07.06.2017)

Feil ved utsending av faktura
Vi har ved ein feil sendt ut dobbel faktura til nokre av kundane våre. Dersom du har fått 2 like fakturaar, og bare har eit abonnement, så kan du kaste den eine. Det er bare ein faktura som er oppdatert i vårt system, det er bare ein utskriftfeil. Feilen gjeld dei som har abonnement på hytter/fritidshus.            (01.02.2017)

Nettleige frå 01.01.2017
Det blir ingen auke i nettleiga frå 01.01.2017. Forbruksavgifta aukar med 0,4 øre, men vi reduserar nettleiga tilsvarande slik at pris til kunde blir uendra.     Sjå prisoversikt       (27.12.2016)

 
 
Kundemagasinet Vår Energi frå ditt lokale energiselskap
I denne utgåva av Vår Energi kan du lesa om energiselskap som byggjer breiband, og sponsar idrett og kultur. På den måten gjer dei ein stor innsats for å halde oppe levande og konkurransedyktige lokalsamfunn.
Hurtiglading av elbilar og nytt kraftkrevjande utstyr set nye krav til everka. I eldre bustad- og hytteområd er ikkje nettet førebudd for det som skjer. Det vil vere utopi å byggje ut nettet slik at det blir mogleg for hytteeigarar å hurtiglade elbilar.     Les meir       (27.10.2016) 
.
.
.
.
.
.
 

Varsel om streik frå måndag 24.10.2016
LO forbunda El&IT og Fagforbundet sentralt tok i går ut alle sin 32 medlamer i VTK i streik frå måndag 24.10.2016 kl. 07.00. Det er 27 montørar/fagarbeidarar, 3 ingeniørar og 2 kontortilsette. Årsaken til streiken er i hovudsak usemje omkring avspasseringsfaktoren for heimebasert beredskapsvakt.
Feil i nettet som kan medføre fare for liv og helse, eller stor matriell skade, vil bli retta. Feilar som ikkje har slik konsekvensar vil bli liggande uretta. Alt anna arbeid rundt vedlikehald, ferdistilling/tilkopling av nyanlegg blir liggande.
Vår administrasjon og telefonmottak er i drift og tek mot førespurnadar på normal måte. Vi vil dagleg legge ut statusrapport på http://www.vtk.no (under Nett/Driftsmeldingar)         (21.10.2016) 

Innhenting av fødselsnummer
I samband med innføring av Elhub må nettselskapa hente inn fødselsnummer frå alle privatkundar. Som ein hovudregel vil vi for eksisterande kundar hente inn dette Det Sentral Folkeregister. Ved oppretting av nye kontrakter framover blir dette ein informasjon vi må få direkte frå kunden. Føremålet er å få ein unik identifisering av straumkundane.         Meir info på NVE        (08.04.2016) 

Innføring av Elhub i det norske kraftmarked
Norges vassdrags-og energidirektorat (NVE) ha rpålagt Statnett å utvikle ELhub, som etter planen skal settast i drift 20.02.2017. Løysinga skal sørge for effektiv utveklsling av målaeverdiar og kundeinformasjon som brukast til leverandørskifte, avrekning og fakturering av nettleige og kraftsalg.        Meir info på NVE        (08.04.2016) 

Ny info til kundar på linja frå Åmdal til Bordsæ Dam
Pga linjeutfall i Åmdal trafostasjon leverte Gausbu kraftverk høg spenning ut på nettet i  1-2 sekund 28.01.16 kl 03.51.Dette er sannsynleg årsak til skader på utstyr hjå kundar. Om hendinga utløyser erstatningsansvar for VTK eller kraftverket, blir ei sak for forsikringsselskapa. Meld derfor skade til ditt forsikringsselskap straks, gjerne med kopi til VTK. Skader under eigenandel kan sendast direkte til VTK med vedlagt dokumentasjon.        (11.02.2016) 

Vi har to ledige stillingar som lærling
Vi har nå ledig to stillingar som læring Energimontør.     Sjå annonse         (10.02.2016) 

Info til kundar på linja frå Åmdal til Bordsæ Dam
I samband med linjefeil oppstod det torsdag 28.01.2016 kl 03.51 kortvarig overspenning i nettet.
Dette kan ha skada elektrisk utstyr hjå deg. Ta ein kontroll og meld eventuell skade til ditt forsikringsselskap straks, gjerne med kopi til VTK.
Vi vil innan ei veke gje ny info vedkomande  årsak og ansvar.       (02.02.2016) 

Nettleige frå 01.01.2016
Det er ikkje auke i nettleiga til oss, men auke i forbruksavgifta på 2,3 øre/kWh gjev auke i det kunden må betale frå 01.01.2016. Forbruksavgifta til staten aukar omlag 13%.          Sjå prisoversikt        (21.12.2015) 

Kompensasjon for langvarige straumbrot
Som kunde har du krav på kompensasjon ved avbrot i straumforsyninga som varer i meir enn 12 timar. Etter regelverket må kunden søke om denne kompensasjonen, men vi betalar ut til alle vi har registrert langvarige avbrot på, utan at du treng sende søknad.     Les meir        (04.02.2014)

Mykje feil i nettet
På grunn av sterk vind i store delar av Vest-Telemark har vi mykje feil i nettet. Vi jobbar med å rette feilane, men det er veldig krevjande i den sterk vinden. Det kan ta tid før straumen kjem tilbake.           Driftsmeldingar        (10.01.2015) 

                              
 

 


Vest-Telemark Kraftlag AS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Send e-post til Thor Arne Heggtveit  viss du har kommentarar til Web-området. 

Copyright © 2001-2014  - Oppdatert: 03.03.2017 07:58