Arkiv for 2014     Arkiv for 2013     Arkiv for 2012     Arkiv for 2011     Arkiv for 2010     Arkiv for 2009     Arkiv for 2008      Arkiv for 2007
 
        Arkiv 2015
 
 
Ny info til kundar på linja frå Åmdal til Bordsæ Dam
Pga linjeutfall i Åmdal trafostasjon leverte Gausbu kraftverk høg spenning ut på nettet i  1-2 sekund 28.01.16 kl 03.51.Dette er sannsynleg årsak til skader på utstyr hjå kundar. Om hendinga utløyser erstatningsansvar for VTK eller kraftverket, blir ei sak for forsikringsselskapa. Meld derfor skade til ditt forsikringsselskap straks, gjerne med kopi til VTK. Skader under eigenandel kan sendast direkte til VTK med vedlagt dokumentasjon.        (11.02.2016) 

Vi har to ledige stillingar som lærling
Vi har nå ledig to stillingar som læring Energimontør.     Sjå annonse         (10.02.2016) 

Info til kundar på linja frå Åmdal til Bordsæ Dam
I samband med linjefeil oppstod det torsdag 28.01.2016 kl 03.51 kortvarig overspenning i nettet.
Dette kan ha skada elektrisk utstyr hjå deg. Ta ein kontroll og meld eventuell skade til ditt forsikringsselskap straks, gjerne med kopi til VTK.
Vi vil innan ei veke gje ny info vedkomande  årsak og ansvar.       (02.02.2016) 

Nettleige frå 01.01.2016
Det er ikkje auke i nettleiga til oss, men auke i forbruksavgifta på 2,3 øre/kWh gjev auke i det kunden må betale frå 01.01.2016. Forbruksavgifta til staten aukar omlag 13%.          Sjå prisoversikt        (21.12.2015) 

Kompensasjon for langvarige straumbrot
Som kunde har du krav på kompensasjon ved avbrot i straumforsyninga som varer i meir enn 12 timar. Etter regelverket må kunden søke om denne kompensasjonen, men vi betalar ut til alle vi har registrert langvarige avbrot på, utan at du treng sende søknad.     Les meir        (04.02.2014)

Mykje feil i nettet
På grunn av sterk vind i store delar av Vest-Telemark har vi mykje feil i nettet. Vi jobbar med å rette feilane, men det er veldig krevjande i den sterk vinden. Det kan ta tid før straumen kjem tilbake.           Driftsmeldingar        (10.01.2015) 

                              
 

 


Vest-Telemark Kraftlag AS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Send e-post til Thor Arne Heggtveit  viss du har kommentarar til Web-området. 

Copyright © 2001-2014  - Oppdatert: 23.02.2014 19:53