Arkiv for 2013     Arkiv for 2012     Arkiv for 2011     Arkiv for 2010     Arkiv for 2009     Arkiv for 2008      Arkiv for 2007
 
        Arkiv 2014
 
 
Mykje feil i nettet
På grunn av sterk vind i store delar av Vest-Telemark har vi mykje feil i nettet. Vi jobbar med å rette feilane, men det er veldig krevjande i den sterk vinden. Det kan ta tid før straumen kjem tilbake.           Driftsmeldingar        (10.01.2015) 

Auka nettleige frå 01.01.2015
Nettleiga vil auke med 5% frå 01.01.2015. Forbruksavgifta til staten aukar omlag 10%.          Sjå prisoversikt        (18.12.2014) 

Manglande gateadresse
Posten har skjerpa kravet om at gatenavn skal være med i mottakaradressa. Vi har mange kundar som manglar gateadresse og vil gjerne at dei oppdaterar oss med denne. Du kan gjere dette ved å logge inn på "Min side" eller kontakte oss på epost eller telefon.       (14.08.2014) 

Auka nettleige frå 01.08.2014
Nettleiga vil auke med 5% frå 01.08.2014. Årsaken til auken er m.a. lågt forbruk og mindre inntekter i 2014.          Sjå prisoversikt        (01.07.2014)

Feil ved KID for betaling av faktura
Det er ein feil i datasentralen til bankar i Eikagruppa som gjer at banksystemet ikkje godtar KID ved betaling av siste straumrekning til oss. Feilen er lokalisert, men ikkje retta. Vi reknar med at denne vert retta i løpet av nokre dagar.       (19.05.2014)

Oppgradering "Min side"
Vi har nå publisert ny "Min side" der du finn informasjon om ditt abonnement.
Gamle brukarar må dessverre registrere seg på nytt.
For å registrere deg klikkar du på linken "registrer" ovanfor brukarnavnet når du er på innloggingsida.
Du treng Kundenummer og Målepunkt ID. (8 siste siffer) for å registrere deg. Desse finn du på tidlegare straumrekningar eller målaravlesingskort. Har du fleire kundenummer/abonnement kan du ta kontakt med oss for å kople saman desse til ein konto/pålogging.             (11.04.2014)

Oppgradering "Min side"
Vi skal gjere ei oppgradering av "Min side". Som fylgje av dette vert sida stengt for innlogging ei tid framover. Vi kjem tilbake med ei oppdatert og betre side. Denne vil m.a. fungere betre på ulike plattformer og mobile einingar.             (10.03.2014)

Sikkerheit på VTK si heimeside.
Dei siste dagane har det vore mykje snakk om sikkerheitshol på Internett generelt, og spesielt om det nyleg avdekka "Heartbleed"-holet. Heartbleed rammar løysingar som nyttar open-source for kryptering av trafikk til/frå nettsider (OpenSSL).
Vår løysing nyttar OpenSSL, men ikkje versjonar som er ramma av "Heartbleed"-problemstillinga.        (11.04.2014)

Kompensasjon for langvarige straumbrot
Som kunde har du krav på kompensasjon ved avbrot i straumforsyninga som varer i meir enn 12 timar. Etter regelverket må kunden søke om denne kompensasjonen, men vi betalar ut til alle vi har registrert langvarige avbrot på, utan at du treng sende søknad.     Les meir        (04.02.2014)
                              
 

 


Vest-Telemark Kraftlag AS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Send e-post til Thor Arne Heggtveit  viss du har kommentarar til Web-området. 

Copyright © 2001-2014  - Oppdatert: 23.02.2014 19:53