Arkiv for 2007     Arkiv for 2006     Arkiv for 2005     Arkiv for 2004
                    
                        Arkiv 2003
                              
Registrering av målaravlesingar avslutta.           (Publisert 13.01.2004)
Vi har avslutta mottak av målaravlesingar for denne gong. Kundar som ikkje registrerte/sende målaravlesing innan 12.01.2004 vil få forbruket sitt stipulert.

Målaravlesing 05.01.2004.          (Publisert 26.12.2003)
Alle kundar får tilsendt avlesingskort, (med unntak av hytter som har fått dette tidlegare i haust) og skal lese av målaren. Avrekning vert sendt ut i slutten av januar.  Les meir.

Redusert fastpris på kraft frå 01.02.2004.          (Publisert 20.01.2003)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir.

Nye nettariffar for 2004          (Publisert 20.12.2003)
Frå 05.01.2004 vert det endringar i nettleigetariffane. Nettleigetariffar 

Redusert kraftpris frå 05.01.2004.           (Publisert 20.12.2003)
P.g.a. nedgang i marknadsprisen reduserar vi kraftprisen. Samstundes har stortinget vedteke at forbruksavgifta på elektrisk kraft skal krevjast inn på nettleige, og ikkje som nå på kraftprisen.
Ny standard variabel kraftpris frå 05.01.2004 vert 35,9 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Ny kraftpris for kundar i Tokke kommune vert 15,5 øre/kWh, medan kundar i Vinje kommune får 14,3 øre/kWh. Les meir. 

Oddvar Byggland - 50 år som linjemontør i VTK.          (Publisert 19.12.2003)
Framme f.v. Gunvor Byggland, Oddvar Byggland
Bak f.v. K.Kvaale, adm.dir. og R.Normann, styreleiar
I samband med styremøte på Morgedal Hotell i dag vart Oddvar Byggland heidra for sin innsats i VTK gjennom 50 år. Han mottok eit tresnitt av Terje Grøstad og eit gåvebrev. Det vanka blomster på kona Gunvor som markering av dagen. Begge deltok på styremiddagen.  Les meir.

Ny fastpris på kraft frå 01.01.2004.         (Publisert 21.11.2003)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir.

Låg kraftpris i Vest-Telemark Kraftlag          (Publisert 12.11.2003)
Enkelte kraftleverandørar marknadsfører seg med at dei er blandt dei lågaste i landet. Oversikten frå konkurransestilsynet visar at VTK har svært låge prisar. I denne oversikten kan du velge kraftleverandør du vil samanlikne prisane med. Les meir.

Straumrekning i 3.kvartal 2003.          (Publisert 12.11.2003)
Vi har nå sendt ut avrekning for 3.kvartal  til alle hushaldskundar med årsforbruk over 8000 kWh. Betalingsfristen er 20.11.2003. Avrekna kraft og nettprisar for 3.kvartal finn du her.
Andre kundegrupper har fått akonto for 4.kvartal  med betalingsfrist 18.11.2003.
Les meir.

Stengevarsel 24.11.2003                 (Publisert 12.11.2003)
Dei som har motteke stengevarsel med frist 16.10.2003 for ubetalt straumrekning vert fråkopla frå måndag 24.11.2003 og utover.
Dersom ingen er tilstades når vi kjem vert anlegget fråkopla ute, utan nærare varsel.
Det vert ikkje gjeve lengre betalingsutsetjing, og anlegget vert evt. ikkje tilkopla att før rekninga er betalt.

Ny standard variabel kraftpris frå 03.11.2003.        (Publisert 12.11.2003)
P.g.a. auke i marknadsprisen aukar vi kraftprisen. Ny standard kraftpris frå 03.11.2003 vert 49,0 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Les meir.  

Målaravlesing for hytter.          (Publisert 26.10.2003)
Vi har nå sendt ut målaravlesingskort for hytter og fråflutte bustadar. Avlesingsdato er måndag 5.januar 2004. Dersom det passar best for deg kan du lese av målaren ved sesongslutt og sende oss avlesinga snarast.
Les meir.

Straumrefusjon frå Tokke Kommune.        (Publisert 22.10.2003)
Straumabonnentar i Tokke kommune får i desse dagar utbetalt straumrefusjon for 2002. Det er Tokke kommune som betalar ut dette og eventuelle spørsmål må rettast dit. Les meir.

Ny fastpris på kraft frå 01.12.2003.          (Publisert 20.10.2003)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir. 

Målaravlesing 06.10.2003 er avslutta.              (Publisert 14.10.2003)
Fristen for registrering av målarstandar gjekk ut 13.10.2003. Kundar som ikkje har registrert/levert målarstand vil få forbruket sitt stipulert.

Målaravlesing 06.10.2003.                   (Publisert 30.09.2003)
Alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh/år får tilsendt avlesingskort, og skal lese av målaren. Avlesinga blir grunnlaget for avrekning 3.kvartal 2003. Denne vert sendt ut i slutten av oktober.  Les meir.

Ny fastpris på kraft frå 01.11.2003.               (Publisert 30.09.2003)
Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir. 

Ny standard variabel kraftpris frå 11.08.2003.             (Publisert 29.07.2003)
P.g.a. auke i marknadsprisen aukar vi kraftprisen. Ny standard kraftpris frå 11.08.2003 vert 44,9 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. Les meir. 

Ny fastpris på kraft frå 01.10.2003.                  (Publisert 27.08.2003)
Prisane er justert ned p.g.a. nedgang i prismarknaden siste dagane. Vi kan tilby fastprisavtale på 1, 2 eller 3 år. 
Les meir.

Straumavrekning 2.kvartal 2003.                  (Publisert 18.08.2003)
Avrekning for 2.kvartal 2003 er nå sendt ut. Det er alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh i året som nå får avrekning. Forfall på avrekninga er 05.09.2003.  Les meir 

Målaravlesing 07.07.2003.               (Publisert 25.07.2003)
Alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh/år har fått tilsendt avlesingskort, og skal lese av målaren 07.07.2003.
Registrering av målarstandar er nå avslutta, og avrekning for 2.kvartal 2003 vil bli sendt ut. 
Alle andre kundar får akontorekning for 3.kvartal 2003.
Les meir.

Straumavrekning 2.kvartal 2003.        (Publisert 18.08.2003)
Middel avrekna straumpris for 2.kvartal 2003 er 58,2 øre/kWh (inkl. nett, kraft og off.avgifter), mot 46,6 øre/kWh for 2.kvartal 2002.  Fastbeløp kjem i tillegg til denne straumprisen. 
(Kundar i Tokke og Vinje kommune har andre prisar.)
 
Straumforbruket for 2.kvartal 2003 er i underkant av 3% mindre enn 2.kvartal 2002 for heile VTK.
 
Kundeservice finn du meir om prisar, fakturering og målaravlesing.

Ny kraftpris frå 11.08.2003.           (Publisert 29.07.2003)
P.g.a. auke i marknadsprisen aukar vi kraftprisen. Ny standard kraftpris frå 11.08.2003 vert 44,9 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord. 
Standard kraftpris vert nytta mot alle eksisterande kundar som ikkje har anna særskild avtale.
Prisen er inkl. forbruksavgift og 24 % m.v.a. (Netto kraftpris utan off.avgifter er 26,7 øre/kWh)
For kundar i Tokke og Vinje kommunar er kraftprisen 26,7 øre/kWh inkl.off.avg.(12,0 øre/kWh utan off.avg.)
 
Ved prisendring mellom avlesingsdato vert forbruket berekna etter ei forbrukskurve som tek hensyn til at forbruket varierar i dei ulike delar av året. Dei som ynskjer det kan på eige initiativ lese av  målarstanden ved prisendring, og gje oss denne på E-mail: kunde@vtk.no, Internett: www.vtk.no, Tlf. 35 07 57 00 eller pr. brev.          
Historisk prisoversikt

Fastpris på kraft.               (Publisert 25.07.2003)
Vi kan tilby fastprisavtale på kraft. Du kan velge 1, 2 eller 3 årsavtale.
Les meir.

Målaravlesing 07.07.2003.            (Publisert 30.06.2003)
Alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh/år har fått tilsendt avlesingskort, og skal lese av målaren 07.07.2003. Desse vil få avrekning for 2.kvartal 2003. Alle andre kundar vil få akontorekning for 3.kvartal 2003. 
Du har 3 måtar å registrere målarstanden på:
1. Internett 
2. Telefon (gratis 800 nr.)
3. Returner avlesingskortet.
Får vi ikkje målaravlesing innan 14.07.2003 vil forbruket bli fastsett ved skjønn.
 Les meir.  

Redusert kraftpris frå 09.06.2003            (Publisert 02.05.2003)
Frå 09.06.2003 vert ny standard kraftpris 38,7 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord.
Standard kraftpris vert nytta mot alle eksisterande kundar som ikkje har anna særskild avtale.
Prisen er inkl. forbruksavgift og 24 % m.v.a. (Netto kraftpris utan off.avgifter er 21,7 øre/kWh)
For kundar i Tokke og Vinje kommunar er kraftprisen 26,7 øre/kWh inkl.off.avg.(12,0 øre/kWh utan off.avg.)
 
Ved prisendring mellom avlesingsdato vert forbruket berekna etter ei forbrukskurve som tek hensyn til at forbruket varierar i dei ulike delar av året. Dei som ynskjer det kan på eige initiativ lese av  målarstanden ved prisendring, og gje oss denne på E-mail: kunde@vtk.no, Internett: www.vtk.no, Tlf. 35 07 57 00 eller pr. brev.           Historisk prisoversikt

Straumrekningar i april 2003 med betalingsfrist i mai.    (Publisert 02.05.2003)
Middel avrekna straumpris for 1.kvartal 2003 er 84,7 øre/kWh (inkl. nett, kraft og off.avgifter), mot 54,2 øre/kWh for 1.kvartal 2002.  Fastbeløp kjem i tillegg til denne straumprisen. 
(Kundar i Tokke og Vinje kommune har andre prisar.)
 
Straumforbruket for 1.kvartal 2003 er i underkant av 3% mindre enn 1.kvartal 2002 for heile VTK.
 
Kundeservice finn du meir om prisar, fakturering og målaravlesing.

Målaravlesing 07.04.2003            (Publisert 25.04.2003)  
Alle hushald kundar med forbruk over 8000 kWh/år har fått tilsendt målaravlesingskort og må lese av målaren. Registrering av målarstandar er nå avslutta. Faktura blir utsendt i månadskifte april/mai. Les meir.

Redusert kraftpris frå 07.04.2003.     (Publisert 07.04.2003)
Frå 07.04.2003 vert ny standard kraftpris 41,9 øre/kWh for kundar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord.
(P.g.a. nedgang i marknadsprisen erstattar denne annonseringa tidlegare varsla prisendring frå same dato).
Standard kraftpris vert nytta mot alle eksisterande kundar som ikkje har anna særskild avtale.
Prisen er inkl. forbruksavgift og 24 % m.v.a.
(Netto kraftpris utan off.avgifter er 24,3 øre/kWh)      Historisk prisoversikt
 
For kundar i Tokke og Vinje kommunar er kraftprisen 26,7 øre/kWh inkl.off.avg.
(12,0 øre/kWh utan off.avg.)

Landets lågaste kraftpris.       (Publisert 14.02.2003)
VTK sin kraftpris til kundar i Tokke og Vinje på 26,7 øre/kWh inkl alle avgifter er no landest lågaste.
Det er berre VTK og Modalen Kraftlag BA med ein pris på 27,12 øre/kWh som p.t. ligg under 30 øre/kWh.
VTK sin pris er ca 35 øre/kWh lågare enn beste alternative leverandør.
Årsaken til den låge prisen er at Tokke og Vinje kommunar frå 2003 sel særavtalekraft (konsesjonskraft) til VTK til ein fast låg pris, og at VTK
generellt tek eit svært lågt påslag ved vidaresalg. Tidlegare var marknadspris utgangspunktet, men kommunane refunderte ein gong i året sin salsgevinst til straumbrukarane (straumrefusjon). Den nye ordninga vert kalla "løpande refusjon", dvs at refusjonen er innbaka i fakturaprisen.

Kraftpris i Tokke og Vinje kommunar      (Publisert 24.02.2003)
Tokke og Vinje kommunar har vedteke å gå over til løpande refusjon frå 2003. VTK skal betale kommunane 11,5 øre/kWh. Avtala gjev VTK høve til å ta inntil 1 øre/kWh i generelt påslag + 1 øre/kWh for inntektstap i desember 2002, totalt inntil 2 øre/kWh. Styret i VTK har vedteke eit påslag (dekningsbidrag) på 0,5 øre/kWh.
Dette gjev ein kraftpris i 2003 på 12,0 øre/kWh + offentlege avgifter, tilsaman 26,7 øre/kWh.
Kundar i dei andre kommunane vil framleis bli avrekna etter standard variabel kraftpris (eller anna avtalt produkt). Ved fastsetjing av nivået på denne vil VTK's dekningsbidrag bli lagt på same nivå som i avtala med Tokke og Vinje.

Straumrekningar for 2002            (Publisert 31.01.2003)
Avrekningane er nå sendt ut, og vil være hjå kundane rett etter helga. Hushald kundar med årsforbruk over 8000 kWh får avrekning for 4.kvartal 2002. Alle andre kundar får avrekning for heile 2002 med fråtrekk for utskrive akonto i løpet av året. Desse vil og få lagt til ny akonto for 1.kvartal 2003.

Straumrekningar for 2002 med betalingsfrist 21.02.2003    (Publisert 31.01.2003)
Auken i straumforbruket for 4.kvartal 2002 er omlag 12%, medan det for heile 2002 er ein nedgang på omlag 3%, alt i forhold til 2001. 
 
Middel avrekna straumpris for 2002 (inkl. nett, kraft og off.avgifter) er omlag 53 øre/kWh (nedgang på omlag 8% mot 2001). For 4.kvartal 2002 er middel avrekna straumpris omlag 62 øre/kWh. (auke på 14% mot 2001). Fastbeløp kjem i tillegg til straumprisen.
 
Avrekningane har betalingsfrist 21.02.2003. Dei som har særskilt behov kan kontakte oss for evt. nedbetalingsavtale.

Redusert kraftpris frå 10.02.2003    (Publisert 24.01.2003)
Frå 10.02.2003 vert ny standard kraftpris 59,5 øre/kWh.
 
Standard kraftpris vert nytta mot alle eksisterande kundar som ikkje har anna særskild avtale.
Prisen er inkl. forbruksavgift og 24 % m.v.a.
(Netto kraftpris utan off.avgifter er 38,5 øre/kWh)
 
Målarstanden vert stipulert dersom vi ikkje får avlesing frå kunden.
 
Vest-Telemark Kraftlag
Tlf. 35 07 57 00                                                                             Internett: www.vtk.no
 

Kraftlevering til Felle og Haugsjåsund   (Publisert 21.01.2003)
Felle og delar av Haugsjåsund har straumforsyning frå Agder Energi Nett, sjølv om dei er eindel av Nissedal kommune og ligg i Vest-Telemark. Vest-Telemark Kraftlag (VTK) kan nå tilby kraftlevering til abonnentar i desse områda på same vilkår som i resten av Nissedal kommune.
Løpande kraftpris er f.t 75,0 øre/kWh inkl. off.avg. (netto kraftpris 51,0 øre/kWh).  
Dei som ynskjer å nytte seg av dette kan kontakte VTK på:  
Tlf. 35 07 57 00
E-post: kunde@vtk.no
Brev til adr.: 3891 Høydalsmo.
 
I tillegg til navn og målarnr. må vi ha målepunkt ID.(8 siffer som du finn på straumrekninga).
Bytter du kraftleverandør vil du framleis få rekning på nettleiga frå Agder Energi Nett.

Målaravlesing          (Publisert 15.01.2003)
Frå 2003 har vi åpna for registrering av målarstandar i mellom dei faste avlesingsdatoar. Du kan registrere målarstanden ved prisendringar, eller til andre tider om du måtte ynskje det. Les meir. (15.01.2003)

Ny kraftpris    (Publisert 03.01.2003).
Ny Kraftpris frå 11.01.2003 vert 75,0 øre/kWh  inkl. off.avgifter. 

Nye nettleigetariffar for 2003.           (Publisert 03.01.2003).
Nye Nettleigetariffar for 2003.
Hovudside                      Arkiv for 2007     Arkiv for 2006     Arkiv for 2005     Arkiv for 2004
 

 


Vest-Telemark Kraftlag AS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

Send e-post til Thor Arne Heggtveit  viss du har kommentarar til Web-området. 

Copyright © 2001-2014  - Oppdatert: 23.02.2014 19:53